torsdag 4. april 2013

Måndag 11 mars - Wienerreise und Stadtrundfart

5 av oss for med nattbussen frå Sunnfjord og Sogn på søndagskvelden.
Sterkt angrepne av reisefeber - det vart lite sømn - og lang ventetid på Gardermoen.
Sistemann kom med toget frå Vestfold, - vi var fulltallige.





2 timers flytur og flytog til Wien Mitte, eit av dei større knutepunkta,
der Ulrike valde å møte oss,
vi kjøpte vekeskort til kollektivsystemet, og ho loste oss til Hotel Regina.
 



Gode store dobbeltrom og bad oppe i 5.etasje – plass til koffertopning, raskt klesskifte og styling!
Ulrike tok oss med på lang ettermiddags- og kveldstur i Wien, endå fleire verdsvevlenkjer kan vere:  Innere Stadt eller Wien sin offisielle turistinfo!
På store opne plassar og små smale smug –
store fantastiske kyrkjer og alle andre slags bygg som Musikverein, nokre også innvendig.
Kunst-, arkitektur- og kulturhistorie - Ringmurar og andre murar og viktige og uviktige opplysningar og svar på spørsmål... 
Vi gjekk gjennom atriet med statuar og byster av viktige menn i
Wien Universität si historie – «Neu seit 1365».
Ho viste oss den gamle stigeheisa, basert på same teknikk som dei i gruvene i Kongsberg.
Vi var inne i foajeen til Staatsoper,  og vi gjekk gangar og trepper i Rådhuset og
freista danse wienerwalz på parketten under gedigne prismekruner i dei store salane.
Større mengder med krystallprismer enn det dei fleste av oss har sett og vil sjå etter dette.
Eit vell av gull og glitter, svulstige og utrulege dekorasjonar på veggar og tak…
Ein fin by - med relativt lite også frå siste halvdel av førre århundre...
Vi enda opp på Naschmarkt – s38 guide to Vienna -
der elva Wien er overbygd og erstatta med ein marknad –
med mat, krydder, snop og denslags frå mange deler av verda
og mange restaurantar og kafear med svært så ulike menyar.


På Naschmarkt åt vi på ein pannekakeresturant,  Palatschinkenkuchl,
der åt vi fylte pannekaker til middag og dessert!
Vel heime på Regina drakk nokre av oss kaffi
og åt Franz Josefskaka til Regina i salongen ved resepsjonen.
 
Sømnen kom raskt den kvelden.
Universitetet
 

Universitetet - neu seit 1365
 
 

Reklameplakatar på kyrkjer under oppussing og feministisk blomsterbil...




Liebenberg monumentet

Ulrike ved "stigeheisa" i universitetsbygg

Statsoper -(?) - dei to til høgre Burgtheater.




Wien Rådhus er rikt representert med bilete, eg held fram med å vere heilt overvelda!
- verdsvevsida til Wien - og tysk wikipedia om Wiener Rathaus
Hofburg Imperial Residence and Palace of the Arts.






 




 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Pallas Athene fontena

Hofburg
Reklametrepper og samankoblingar og pynt og dekorar og flaggturm og jugend og hengande hagar....




 
Kakepynten på Franz Josefskaka på Regina vart teke med som reiseminne!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar