onsdag 3. april 2013

Føreord i etterkant!


Planen med bloggen var som eg har gjort før,
skrive og legge ut litt bilete kvar dag,
og fylle ut med meir tekst, bilete og reiseminne i etterkant.
 
Det vart ikkje slik,
turen vart travel med lite tid til ro og fred og lite tid til
tomme høgvyrdige tankar og konstruktive gjennomgangar av dagane.

Eg har samla dei fleste bileta eg vil vise,
knytt til datoar og program, det vart mange!
 
I staden for å velge eit lite representativt utval,
vert det stikk motsett.
Ein del av skrivejobben er gjort,
- eg legg nok første utgåve i løpet av dagen.
 
 
Eg manglar bilete av situasjonar og opplevingar eg
gjerne skulle hatt med og har fått lovnad om supplement.
Eg treng også meldingar frå dei hine i etterkant
der eg har skrive upresist, har manglar eller direkte feil!  

Planlegginga av turen starta i september 2012 –
medan eg framleis rekna med eller håpa å vere noko friskare.
I løpet av dagen og turen vart eg meir og meir baktropp,
eg nynna, ropte og sutra:
«Er’ke sein, i hvertfall ikke treig … men har for korte bein.»

Dei hine måtte difor stundom ta litt vel mykje omsyn til meg,
medan eg vart meir og meir klar over,
- på eigne vegne, - at det var verdt det!
Eg er veldig glad for å få ha vore på tur med 5 staute karar!
 
Den store forskjellen på ein tur "berre" planlagd
av bachelor-studentar på HiSF og vår tur,
var at Ulrike Spring var "guide, mentor og moderator".
Ho nytta eit nydeleg nettverk som etter det eg forstår,
heldt fram med å arbeide lenge etter at programarbeidet var gjort.
 
Det var Ulrike og Johan som gjorde turen.
Det var Dr. Michaela Kronberger arkelog og kurator for Römermuseum
og han som er leiaren for museet på Stephansdomen.

Det var dei vi møtte på Naturhistorisk museum: Dr. Claudia Spring, historikar med fokus på NS-tida og medisinhistorie og proveniensforsker
og Dr. ReinhardGolebiowski, leiar for avdelinga utstilling og DANNELSE!
Det var han med nøkkelansvaret til dyredepotet
og det var han på Kokå - Robert Illek ( Leiter der Zoologischen Hauptpräparation)
(( kan ikkje anna enn legge til endå ein ekstra kommentar -Dei fleste følte sterkt ubehag då vi vitja rommet der bein vart kokte, eg derimot tenkjer på fineversdagar med Utrøna - "ettermiddagspålandsvinden" på Indre Sunnmøre - då kjem lukta frå "Kokå" - destruksjon av slakteriavfall strøymandes til Sløgstad - sentrum i Stranda.
Kokå var ein del av tidlegare Ringstads pølsefabrikk - ein annan del var det som vart Grandiosa-fabrikken))
 
Det var ho som var på lageret av dyr på sprit og 15.000 kranier.
Håpar eg kan greie å finne attende til namna til dei to siste.
Eg og dei hine er særs takksame!
 
Reisetankar i etterkant.

Norwegian har særs gode prisar om ein tingar dei tidsnok - september -,
for oss vart det endå rimlegare å reise attende via Bratislava.
 
Tinging av hotell via hotels.com vart også særs gunstig.
Vi valde ikkje dei rimlegaste alternativa,
men eit sentralt byhotell i MuseumsviertelHotel Regina.

Når 6 studentar har 3 dobbeltrom i 4 netter
på firestjernes hotell for nokre hundrelappar,
den siste natta var i tillegg gratis, sidan vi budde så mange dagar!
kan det reknast som rimeleg. 
På oppslaget på hotellrommet var prisen €300 pr. natt.

Apollo i Bratislava kosta under 200 kroner pr. person
– også det 4-stjernes hotell!

Og - med så store og gode frukostbuffetar vart den inkluderte frukosten brønsj!

Vi tinga bilettar i Musikverein tidleg,
rimelege bilettar på galleriet godt oversyn og god lyd!
 
Vi hadde eit 1-vekes kort for alle t-baner og trikkar i Wien -
særs mykje rimelegare og særs mykje enklare enn enkeltbillettar!
Wien har eit sinnrikt nettverk av baner og trikkar og bussar -
det meste kan nåast via dette! Det er viktig å ha med kartet
og å ha minst ein person som kan bruke det eller tid nok til å prøve seg fram.

Vi tok toget til Bratislava, og fann ut at det meste i Bratislava var i taxiavstand.

Det offentlege kommunikasjonsnettverket var for dårleg eller kanskje
berre for lite tilgjengeleg for oss som var der mindre enn eit døgn. 

Ein buss til flybuss med lite baggasjeplass, vart valgt vekk.
Resepsjonisten førehandstinga maxi-taxi til flyplassen –
sjåfør med stil og fin bil - €6 pr.stk.

Ventetid på Gardermoen vert gjerne prisen når ein har lav pris på flyreisa.

Vondt kne, slitne bein og vond rygg
sørga igjen for lite sømn på bussen heim, natt til søndag -
likevel det var godt at Asle var sjåfør på Sogn og Fjordane Ekspressen

Det var godt å kome heim tidleg søndagsmorgonen –
det tok likevel nokre dagar før eg landa!

Reiseverksemd i 4 dagar knytt til god helse veka etter,
gjorde landinga endå noko meir langvarig!
Difor vart mykje skrive og planlagd medan eg var fruktarbeidar i påskeveka.

Eg var gjennomsliten etter turen.

Men det var verdt det!


(eg let dei tidlegare mindre meldingane stå att!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar