torsdag 14. mars 2013

Naturhistorisk museum og Musikverein!

sit i frukostsalen - har site her lenge og kika på omgjevnadane!
- i dag er det ei gruppe med amerikanske Kiwanismedlemmer - dei lagar litt støy og krev litt merksemd!
Schönbrunn i går var ei stor oppleving - i går hadde vi gleda av å ha Johan, mannen til Ulrike med oss!
- han hadde bilete og kart og anna info på maskina si - dei storfeldte bygningane og interiøra og den utrulege parken, der dei hadde byrja å plante ut stemorsplanter - det må gå svært mange tusen stemorsplanter...

etterpå var det  endå ei kafeoppleving - og i gårkveld då meldinga om at det var ny pave - ringde det i "alle" dei katolske kyrkjene i byen - eigentleg var det eit jamnt sterkt drøn - det var mange, mange kyrkjeklokker!

I dag er det Naturhistorisk museum og konsert i Musikverein - (nyårskonsertsalen!)

det vert endå ein stor dag - sliten, veldig sliten - men det er verdt kvar augneblink!

onsdag 13. mars 2013

- dagen for Schônbrunn

- eg har nett skrive eit langt - langt FjesBokinnlegg som datt ut fordi nettet datt litt ut...
Her kan eg i det minste lagre etterkvart!
Eg sit i eit frukostrom med 1,5 meter prismelysekruner som heng i 1,5 meter ledningar og dei heng 2,5 meter over parketten. Det er fresker - freskeliknande måleri på veggane. Taket har bogande kvelvingar og utsikt over det som er Siegmund Freuds park - om det ikkje var den parken nedanom...

Etter ei lang reise med nattbussen og venting sidan flyet skulle gå 5 timar etterpå - 2 timars flytur og eit kort flytogtur til byen og ein bybanetur, var vi på hotellet i 16-tida på måndagen.
Ulrike tok oss med på ein lang spasertur i byen på breie avenyar og små smale krinklete geiler - over store plassar med gedigne statuar og tur innom bakhagar og gjennom museumshallar og opera og ballsalane i byens rådhus og fortellingar om bygg og gater og historier frå førhabsburgstid til moderne tid...

Vi avslutta i ein av restaurantane i området der elva Wien er regulert under gateplan, der det er marknadsboder og restaurantar frå "heile verda". Der åt vi fylte pannekaker til middag og dessert...

I går gjekk eg og romkameraten på Europas største stoffbutikk og eit møbelmuseum med møblar og utstillingar frå habsburgerane til moderne tid - og eit møbeldepot med store mengder møblar stabla opp på kvarandre... Vi tok bilete av alt vi rakk - for å nyte det når vi kjem heim.
Vi gjorde dette før vi møtte Ulrike på Hotel Sacher klokka 13.00 - og åt naturlegvis Sacher Torte!

Resten av dagen hadde eit underjordisk tema:
Vi var med på ei "ordinær" omvisning i katakombene under Stefansdomen, deretter møtte vi leiaren for museumsdelen av Stefansdomen og fekk ei omvisning på stadar turistar ikkje får gå...

Etterpå var det omvisning i ei kyrkje under jorda - med inngang frå undergrunnsbana! Vanlegvis ikkje tilgjengeleg for nokon, sidan den held på å verte øydelagd trass i eit sinnrikt system av rett temperatur og fuktigheit. Etterpå  det vesle romerske museet i mange høgder, - dei to siste stadane med omvisning av ho som laga museet - kuratoren - ei venninne og tidlegare kollega av Ulrike...
- slikt kan ein oppleve når guiden vår Ulrike, er lokalkjend på så mange måtar!
Vi åt middag på ein restaurant under jorda - eg åt knødel, surkål og kjøt, men eg kom meg heim trass i at føtene og ryggen var utslitne...

I dag er det Schönbrunn med mannen til Ulrike...
bilete og meir historie kjem når eg er heimkomen - men før påske!

mandag 11. mars 2013

Sogn - OSL Gardermoen

Lite venleikssvevn på nattbussen - reisefeberen var altfor sterk.
Skal ikkje nemne at eg la igjen ombordstigingslappen på golvet i avgangshallen,
medan eg freista å pakke ryggsekken.
5/6 av gjengen kom til Gardermoen kvart over 5!
No berre ventar vi medan heile verda fer forbi i ventehallen!


Marius og Alexander
Lasse og Sigbjørn

lørdag 9. mars 2013

Dannelsereise Wien - Bratislava veke 12

- det er naturleg å la Friele fortelje om kaffihusa
Hotel Sacher og Café Central er særs naturlege val,
i tillegg til studenterkneiper og andre tilrådde matplassar
for 6 studentar på tur!
 
 
Omvisning på Römermuseum med romersk byvandring etterpå,
også under Stefansdomen.
Skal ta bybilete frå taket av Naturhistorisches Museum,
få omvisning av leiaren for avdelinga utstilling og dannelse (!) 
- sjå på deler av samlinga og lære om proveniensforsking
 
Finne den største avdelinga til Komolka
 
Hadde våren vore komen,
ville vi nok ha nytta båten an der schönen blauen Donau
til Bratislava.