torsdag 4. april 2013

Tysdag 12.mars - det underjordiske

Komolka - Hofmobiliendepot - Hotel Sacher – Stephansdom & katakombene – Virgilkapellet  - Det romerske museet og vinkjellarrestauranten frå 1683


Eg starta rekkja av lange, tidlege frukostar under romerske buar og krystallysekruner og fresker eller freskeliknande dekorerte veggar - det er så mangt ein kan venje seg til.



Stor frukostbuffét – med det meste som trengst og litt til –
dei fleste la seg til nye vaner med frukostdessert som avslutning på frokosten.

Litt fri føremiddagstid gjorde at vi tok ulike val,
Alexander og eg reiste til Komolka i Mariahilferstrasse -
ei lynrask nytelse i Europa sin største stoffbutikk –
frå dei rimelegaste til dyre stoff til mange tusen kroner pr meter eller pr rapport…
Eg handla 2 magasin og 1 meter med kustoff!




Vi hasta vidare til Hofmobiliendepot Möbel Museum  i Andreasgasse. 
Vi visste vi ikkje kunne sjå alt,
vi skunda oss rundt og tok flest mogeleg bilete – slik at vi kunne nyte møblar og interiør etterpå.


Det keisarlege og kongelege hoff sitt møbellager –
dei mange gedigne slotta hadde flyttbart interiør.

Dei mange fine interiørutstillingane kan kanskje få seg ei temaside eller to seinare...
Denne delen av museet - Møbeldepot - var ei utstilling av overskotslageret til museet.
Her var store mengder møblar og møbeldelar stabla opp bak gitter, i staden for å gøyme alle dei nydlege møblane – i meir eller mindre god stand.

Museet hadde også spanande utstillingsvinkling knytt til filmane basert på Keisarinne Sissi

Andre gode tilbod for barn og skuleklassar -
Maximilian von Mexico – Auch ich will gerne Kaiser sein! også eg vil gjerne vere keisar
Workshop – min vesle fargerike kaktus!» - Mein kleiner bunter Kaktus»
Workshop – mal med sjokolade – Max sjokoladekeisaren «Malen mit Schokolade – Max der Schokokaiser»
 
Det var lov å sitje på alle stolane på vindusveggen -
ein heilt naturleg god grunn til å teste alle. 
 
 



Sengedepot og tekstilopphengdepot og storelysestakar-depot og smålysestakardepot og spegledepot og spegledepot og dodepot...















Vi hasta vidare til dagens første avtale – vi var særs flaue då vi møtte Ulrike for seint til avtalen på Hotel Sacher – på Café Sacher skulle vi ete den orginale  Sachertorte med krem og kaffi&te på eige porselen.
Nydelege lokale under lysekruner, dekorerte veggar og ein nydeleg kakebuffét med andre kaker.

Rein nytelse!
 
 










Resten av dagen hadde underjordisk tema.

Til avtalen med Claudia framfor Stephansdomen, kom også leiaren for museumsdelen av kyrkja. Ein av dei store bonusopplevingane som vi ikkje var budd på.
Claudia viste oss Römermuseum og Virgilkapellet.

Det underjordiske kapellet under Stephansplassen har inngang via undergrunnsbanestasjonen Stephansplatz.
Kapellet vart gjenoppdaga i 1973 knytt til arbeidet med undergrunnsbana.

Kapellet er dekorert med målte byzantiske "Radkreuz".
For å bevare kapellet lengst mogeleg er det ikkje offentleg tilgjengeleg og har av same årsak eit anlegg for stabil temperatur og fuktigheit plassert rett på golvet.
Römermuseum – er utgravingane etter det romerske Vindobono – eit svært smalt museum tidlegare kinarestaurant!!! – mange halvetasjar – tematisk godt oppbygd også retta spesielt mot barn… - men ikkje eit einaste bilete!








 
 




Vi reiste tidsnok til Stephansdom, der starta vi med ein ordinær sightseeingtur i Katakombene – historia om gravleggingsmetodane og samlingane av kranier og knoklesamlinga under domkyrkja. Flyttinga mellom katakombene etter kvart som prosessane gjekk.
Meir info ligg bak dette hovedbiletet frå Stephansdomen si eiga verdsvevside
Generelt om katakomber frå Wikipedia
 
 
Guiden er klar for omvising i katakombene under Stephansdomen.

Stephansdomen er "hovudkatedralen" i Austerrike,
og i følgje Guide to Vienna s 13 –
«den mest orginale gotiske katedralen i det tysktalande området.
Historia til domkyrkja har alltid vore nært knytt til historia til Wien.
Mange skulpturar, det imponerande taket, katakombene, middelalderske talsymbol eller dei mange mytene og legender gjer det mogeleg å oppleve kyrkja frå ulike sider kvar gong.»

 
Leiaren for museumsdelen på Stephansdom gav oss ei unik omvising
(- namnet hans kjem seinare!),
Michaela Kronberger og Ulrike

Utsikt frå tårnet - ny kyrkjetekstil og eit av dei mange andre altera.


 

kyrkjekunst


Ein av preikestolane - rikt dekorert! 



 Ei heilt naturleg val for middag når dagen har vore knytt til undergrunn og det underjordiske.
- ein vinkjellar frå 1683 - i "andre kjellaretasje"
Ein tradisjonell matplass, med der det var naturleg å ete knødel og kjøt og sauerkraut
 


Foto Ulrike?


 
- og kvelden vart avslutta med apfelstrudel hjå Regina